Bestill gratis prøvelisens

Alle lærarar kan bestille ein gratis og uforpliktande prøveperiode på vegner av skolen. For å bestille må du vere registrert og innlogga på cdu.no som lærar ved skolen din. Når du bestiller prøvelisens,blir det oppretta foreløpige lærar- og elevlisensar for skolen.

Korleis bestille prøvelisens
Når du er logga inn med brukarnamn og passord, går du til Radius på cdu.no . Her trykkjer du på lenkja Be om prøvelisens som du ser til høgre i skjermbiletet. Deretter følgjer du berre vidare instruksar i bestillingsskjemaet.

Når prøvelisensen er oppretta, vil han vere tilgjengeleg under gi brukarar tilgang til lisensMin side på cdu.no. Her legg du til deg sjølv og andre du ønskjer skal få prøve ut nettstaden. Vi tildeler 10 lærarlisensar og 100 elevlisensar til skolen i prøveperioden. Dersom skolen treng fleire lisensar i prøveperioden, kan de kontakte forlaget.

Merk
Bruk prøvelisensen godt til å teste ut nettstaden saman med andre kolleger og elevar. Det er berre mogleg å gi éin prøveperiode til kvar skole.